Torill Tverborgvik
Torill er postdoc og forskar i PriSUD-prosjektet. I tillegg til samarbeid med dei nordiske forskergruppene i PriSUD Nordic, jobber Torill med ein ny FoU om kriminalomsorg og velferdstjenester i Norge på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet.
Torill har erfaring med studiar på overdosedødelighet, sjukefråvær, rus og rettstoksikologi. I PriSUD-prosjektet jobber ho spesielt med studiar på eldre i fengsel, samt på grupper med ulike psykiske diagnosar. Det er likevel tydinga av ei tilknyting til arbeidsmarknaden som er Torill si særlege interesse, og ho vil blant anna sjå på i kva grad tilknyting til arbeidsmarknaden før og etter fengsling har tyding for korleis det går med dei fengselsinnsette over tid.
Torill tok sin doktorgrad i epidemiologi ved Institutt for Folkesundhedsvidenskab ved Københavns Universitet. Studiet var eit registerstudie som omhandla sosial arv i utdanningsnivå og arbeidsmarknadstilknytting i den danske befolkning født 1930 - 2002.
Torill har vidare i fleire år jobba som kursholdar og veiledar i attføringsbedriftar med tiltak retta mot personar som via NAV treng hjelp og støtte for å komme ut på, eller tilbake på arbeidsmarknaden. Ho har her jobba mykje med psykisk helse og livsmeistring, og har opparbeida seg lang MI (motiverande intervju)-erfaring og er sertifisert i SE (Supported Employment) og Karriereverktøy.
